torsdag 28. juni 2018

Ringen er slutta på Hufthamar kai

Då er me i land og ventar på ferja. 57 km på 21 timar, framleis opplaggde og i godt humør. Veldig stas å få seg ein tur og verte velsigna med gode forhold. Det vart mykje mimring til tidlegare turar og fryd og glede over tiren her og no.

Stolmen på sitt beste

Lukka er å ha ein ven med nylaga rabarbrasaft, kart frå atten-pil-og-bue og ein kaffitår med nydeleg sørsikt!

Drivepause sørvest i Austevoll ved Stolmen

Padlebilete frå oppstart Slåtterøy. 6 km seinare vart det drivepause ved Stolmen. Prima forhold! Padlar ca 6km/t

Slåttarøya, klare for ein ny dag

Etter ei høveleg lang natt, er me klare for innsats klokka 08.00. Det skal auke på med vind på ettermiddagen, så det er lurt å kome seg i veg.

Fine forhold for å gå i land. Etter ein enkel middag, sov me i ein god liten trekk. Vakna til heilt stille ver, knott og grautfrukost. No ventar 50-10-modus og god stemning!

onsdag 27. juni 2018

Marsteinen II

Smått surealistisk å sjå solnedgongen ved Marsteinen fyr frå kajakk. Kom oss i land også. Godt å strekke på beina.

Marsteinen

Flotte forhold!

Ny sumar, ny tur! Austevoll for våre armar

8 år sidan det starta, med Bergen - Ulsteinvik. 6 år sidan Ulsteinvik - Trøndelag. Med familieliv, vert turane no meir som mimring å rekne, men du og du kor kjekt! Ny tur, Austevoll i vente! Gjett om me gler oss!