tirsdag 31. juli 2012

Berre 5 dagar igjen til neste tur for kajakkgutane!

Øyvind i Malaysia, klar for kajakktur heime i Noreg!
Det stundar mot kajakktur! Gjett om me gler oss! I skrivande stund er Øyvind på veg heim frå Asia, Bård har nett kome til Noreg etter ein svipptur til grannelandet Sverige og Magnus har brukt langhelga i oselvar frå Stolmen i Austevoll og rundt Stord.

Me vonar at du vil fylgje oss dei neste vekene, før, under og i tida etter turen, med bilete, filmsnuttar, osv. Spre gjerne til vennar og kjente som er interesserte i padling!

mandag 30. juli 2012

Fyrste halvdel av ruta

Fyrste halvdel av ruta.

Me startar i Ulsteinvik og er omlag halvvegs i Kristiansund. Via linken over kan du sjå ei tenkt rute, men vêrforholda til ei kvar tid vil avgjere kvar me legg ruta. Kanskje er det roleg og me kan ligge langt ut mot kysten, kanskje må me legge oss meir innaskjers. Det må me rett og slett sjå an. Det kan til dømes verte slik at me legg kursen sør for Molde og inn mot Eidsvåg, for så å få kajakkane over land der, for så å padle vidare forbi tingvoll og Torvikbukt, Årsand og Aure. Den som fylgjer med får sjå!