onsdag 16. juni 2010

Vi har gitt oss, men fansen hold koken...

Sjøl tilhengeran vårres andre steda i landet fulgte me oss under avreisa fra Bryggen. Ved hjelp av BA sitt webkamera hadde de liveoverføring i Oslo:



Ellers godt å se at besøkstallet på bloggen fortsatt stig jevnt og trutt. Trur nestn vi bare må fortsette på turen også eg. Ble naturli nok en nedtur å komme tebake t kværdagen etter et sånt eventyr. :)

mandag 14. juni 2010

Artikkel i Sunnmørsposten

Då me kom fram til Ulsteinvik vart me godt mottekne av vennar og familie. Ein journalist var også der for å skrive om oss. Artikkelen finn du under.

Artikkel i Sunnmørsposten si nettavis.

lørdag 12. juni 2010

Endeleg framme!



Hei kjære tilhengjarskare! Endeleg er me komne fram til Ulsteinvik! Etter 300 kilometer i løpet av 8 padledagar glei me roleg inn mot hamna i Ulsteinvik kring gamal barnetvtid. Likeeins som på Larsnes møtte det også her fram ein fin gjeng tilhengjarar og ein ivrig journalist. Ein skulle nesten tru me var kjendisar!

Dagen starta med at Bård og Magnus vakna av ein lettare frustrert Øyvind som ropar: "Karr han e kajakken min?" Det var ein lettare desorientert gut som ikkje heilt forstod at han låg heime i si eiga seng. Det er tydeleg at ei heil veke i kajakk gjer noko med ein!

Etter ein utmerka frukost bar det rett tilbake i kajakkane - Heilt naturleg eigentleg! Akkurat som å gå på skule eller jobb - det har vorte til kvardag for oss!

Me var klar over at turens siste etappe kunne verte tøff, med meldingar som sa regn og kuling rett i mot. Men det viste seg åv erte enno verre. Vinden kom opp i ein styrke av tynn orkan i kasta og me hadde nok med berre det å halde på padleårene. Vi håpte at fasnen på brygga hadde gode og varme kle på seg, for dette kunne ta litt tid. Men då vinden løya til noko så svakt som stiv kuling, samt at Magnus sin heimlengsel auka betrakteleg, gjekk det etterkvart radig unna. Plutseleg var me på Kjeldsund og hadde veldig god tid til å rekke fram i tide. Difor vart gleda stor då me fann ut at me måtte drage og jokke kajakkane over Garsholhølen (Film kjem).


Me vil nytte høvet til å takke alle som har fulgt med oss her på bloggen! Veldig kjekt at så utruleg mange har fulgt med og kome med kommentarar. No vert det og lettare å kommentere for enno fleire, jamfør kommentar under. Men sjølv om turen er over kjem me til å legge ut meir stoff i tida framover, så det er berre å fylgje med om du vil! Det kjem mellom anna fleire bilete så snart me får sett igjennom minnekorta og etterkvart også ein film frå turen.

PS Nokre har kommentert at det ikkje var så lett å kommentere utan å ha ein profil av eit eller anna slag. Det må me berre beklage! Me var ikkje klar over at den funksjonen ikkje var aktivert. Men no har me ordna det, så om du vil kommentere er du hjarteleg velkomen til å gjere det!

fredag 11. juni 2010

Ulsteinvik next



No er vi klare for den siste etappa imorgon! Den er på 30 km og endar opp på det endelege målet; Ulsteinvik. Vi reknar med å vere framme i Ulsteinvik ca kl 1800, så då er det berre å møte opp på Geileneset. Vi oppmodar folk om å vere tidleg ute, då det kan verte trangt om plassen. På Geileneset er det plass til omlag 1300 personar. Grunna begrensa parkeringskapasitet oppmodar vi alle om å la bilen stå, og ta kollektiv eller alternativ transport. Denne miljøvennlege profilen går hand i hand med Kajakkgutane si overbevising.

Vi ser fram til dei siste kilometerane av turen, trass i at vermeldingane ikkje er heilt som før i veka.

Framme på Larsnes




Vi kom fram til småbåthamna i Hallebygda på Larsnes ikveld kl 1800, etter ei relativt kort etappe på 17 km frå Eltvika på Stadtlandet. Der var det fleire som hadde møtt opp for å ynskje oss velkomne! Vi fekk både kaffi, vafler og bollar når vi kom iland. Veldig kjekt at så mange tok turen for å helse på oss! Ikveld har vi høgna standarden noko på typen innlosjering og ligg for fyrste gong på turen inne, heime hjå Øyvind.


Kanskje er det også på høg tid for å kåre vinnaren ifrå Quizen!
Det var den mystiske "Er du klar" som var nærast svaret på 122 000.
Du må gjerne gjere deg til kjenne!

To etappa igjen

Her vi sitt og nyte utsikten i Eltvika, ser vi tebake på 250 km me fine minna sia vi forlot Bergen for 6 daga sia. Nesten litt surrealistisk. Ferskest i minne e sellfølgeli rundinga av Stadt der vi opplevde både vindstille og sterke vindkast, flatt hav og høye bølga, og å bli lekt me av viltre dønninga. "Min båt er så liten" gikk på repeat rundt den tøffeste delen, tilfeldivis kalt Kjerringa. Vi e veldi gla for at vi faktisk fikk så goe forhold som vi gjor, sånn at rundinga va muli. No e vi godt fornøyd og stolte, og klar for nest siste etappe inn t Larsnes. Bare en liten svipptur for å hente posten som noen ville kalt det. Duften av ho mor Hagen sine nybakte horn når heilt hit, så motivasjonen e på topp.

Kajakkgutane - Stadt 3-0

- Dette må vere det største eg nokon gong har gjort!
-Øyvind


Etter sju timar i kajakken har vi endeleg kome oss forbi Stadt! Turens lengste etappe enda i Eltvika. Forholda rundt Stadt var fine og vi hadde ikkje noko problem med rundinga! No ventar det ein porsjon med mat før vi kryp i soveposane!

torsdag 10. juni 2010

Stadt here we come

Da e øyeblikket vi har snakka om lenge kommet...etappen rundt Stadt. Forholdan e god, så d her ska gå bare bra. Vi legg ut fra Silda no, og planlegg å komme inn t Eltvik innen kl 5 i natt. Vi kjæm me oppdatering da sia vi veit at ikkje alle der heime hoppe i taket av glede for at vi ska ut her. Ha ei go natt, d ska vi! :)


Hotmail: Trusted email with Microsoft's powerful SPAM protection. Sign up now.

Måløy innfrir

Til tross for krafti nedjusterte forventninge t Måløy forårsaka av Larsnes store sønn, vise byen seg fra dens aller beste side. Alle e no enige i at d e Norges nest finaste by, vertfall i dag. Vi sitt på bryggen å kose oss me en fersk fiskeburger i solsteiken og livet e herli.:)

Ut på Frøysjøen i natt jobba vi oss gjennom store bølga og sterk motvind i et par tima. Vi kom etter kvert godt slitne fram t majestetiske Hornelen som bada seg i morgensola. Da snudde straks været, og vi fikk medstrøm og smul sjø inn t Måløy. D har virkeli vært kontrastenes etappe, men d gjør bare opplevelsen enda bedre.

No nærme d berykta Stadt seg for alvor. Planen videre e enda usikker, men vi vurdere ulike muligheta. Så d e bare å følge me...

Dagens sitat fra Bård: "Øyvind, husk at du no går livets skole...og e din sensor!"

onsdag 9. juni 2010

Skipsbrudne...

En liten rettelse t forrie innlegg, d va sellfølgeli Florø vi dro ut fra i natt. Måløy ligg fortsatt foran oss.

Så ka ska man gjøre når man må gå i land og erkjenne at naturkreftan e hakket sterkere enn nån slitne padlearma...? Man kan jo være skuffa og surmule. Kajakkgutane tok d imidlerti me et stort smil, og minte kverandre på at vi faktisk va kommet 30 km nærmar målet i dag, og dermed 180 km ut fra Bergen på 4 døgn. Kan jo ikkje forvente at alt ska være en dans på smul sjø når man e på en sånn hardbarka ekspedisjon heller...

Dagen har blitt brukt t å sove, bytte liggeplass x antall ganga inn i skyggen fordi d ble for varmt i sola, plukke flått, bade i vår egen lille kulp, tørke klær, soling, livsnyting, og så snart vi får blåst litt liv i Hatløyen også, så blir d nok et herskapsmåltid av en kveldsfrokost.

Kajakkgutane e slått, men ikkje slagen. Ferden går videre i natt. Stay tuned. :)

I motvind

Vi har gitt oss for dagen, og ligg no på motsett side av Berle inne i Frøyfjorden. Etappa starta utifrå Florø i fint driv, men etterkvart gjorde motvinden seg gjeldande. Vi tok ein matpause etter 15 km, men når vi etter stoppet kom lenger inn i fjorden gav den sterke vinden og bølgjene såpass motbør at vi bestemte oss for å kome oss inn til land. Etappa vart 9 km kortare enn vi hadde håpt på, men heldigvis er det meldt at vinden skal stilne til natta, så vi satsar på å igjen det tapte på den neste etappa. No skal vi ha oss ein god dag med søvn og kvile før vi legg ut igjen seint ikveld.







Her ligg kajakkane i vente på betre vindforhold!

Hugs å svare på quizen vi la ut idag tidleg!

PS! Magnus har fått vatn i mobilen, og den oppfører seg noko rart. Den ligg til tørk no, og vi satsar på at den skal kunne fungere igjen seinare! Send melding til Bård eller Øyvind om de vil ta kontakt!

Quiz!





Vi tenkte at det no er på tide at alle de som fyl med kan få ta del her på nettsida! Vi køyrer difor igong ein quiz med ein kjempeflott premie! Ein vasstett pose som er med på turen nordover kan verte din om du svarer rett!
Spørsmålet vårt er: Kor mange padletak har vi teke tilsaman sidan vi la utifrå Bergen og til no?
Vi er no 15 km ifrå Marøya søraust for Hornelen.
Den som kjem nærast det rette talet vinn! Alle kan delta, berre få med namnet ditt i kommentarfeltet!
Då opnar vi linjene! Send inn svar før kl 2359 ikveld!

tirsdag 8. juni 2010

Tilbakeblikk etter etapppe 3

Da sei kajakkguttan seg fornøyd me etappe 3. Etter en strabasiøs og utfordrende etappe i går, har vi virkeli hatt strålanes forhold no me faktisk både medstrøm og medvind t tider. D resulterte i at vi har kommet oss 54 km og heilt t Florø, som egentli va målet for etappe 4.

No e d snart 3 døgn sia vi la ut fra Bergen. Vi har allerede kommet oss 150 km, altså halvveis t d endelie målet, Ulsteinvik. D e vi kjempegodt fornøyd me! Formen e fortsatt god for alle sammen, sjøl om d sellfølgeli merkes at man har padla halve Vestlandet. Humøret e fortsatt på topp og vi ser framover me friskt mot.

Her e nån av erfaringene vi har gjort oss så langt:
- Én nordlending spis dobbelt så mye havregrøt som to sunnmøringa t sammen.
- Frokost smake like godt kl 18 som kl 8.
- Dagtid har gitt oss store bølga og sterk motvind, nattestid har gitt oss blikkstille vann og mektige naturopplevelsa. Valget har blitt enkelt.
- Idylliske "elg i solnedgang"bilda berolige den mer bekymrede andelen av våre tilhengera, så vi satse mest på d.
- 1500 besøk på bloggen vår etter kun 2 daga e vi særs fornøyd me. Føle oss nestn litt poppis...
- Øyvind får æra uansett kæm som legg ut noe på bloggen, men så e han no også minst da...
- Naturen langs kysten gjør en t tider stum av beundring.
- Sang og humor gjør at kilometran går mye fortere når d ellers kan røyne på.
- Cruising i 10 km/t i medvind e hakket gøyere enn å stampe i 2 km/t i motstrøm. Stemninga og motivasjonen blir deretter.
- Vi e utruli gla for at vi får dele denna fantastiske opplevelsn sammen oss 3, minna som vil vare evig.

This is why we do it

Ord ikkje naudsynt (nødvendig)

'Nunsj' i Korssund

Kring midnatt var det tid for 'nunsj', i vene Korssund. Saman med ei svane, ein steng joker og ladetilhøve vart det ei god poe. No ventar me berre på at Bård skal verte ferdig med yogaøvingane, før kursen ber vidare mot Askvoll.

mandag 7. juni 2010

Dag 3

Etter 50 km og en lang dag i går med både fylkeskryssing og beseiring over Sognefjorden, tok vi oss en etterlengta pause på 12 timer i land i Krakhellesundet. Kl 20 ikveld la vi ut på ny etappe, denne gang med Askvoll som mål. Nå ligger vi ved Åfjorden, og nyter solnedgangen. Kroppene våre holder ut så godt de kan, og vi fortsetter gjennom natta med friskt mot.

No har vi snudd døgnet heilt og skal til å legge ut på dagens
etappe. Vi har vore ytst ute i Krakhellesundet idag. No set vi kursen
nordover igjen og satsar på å na Askvoll iløpet av natta.

Fjordkryssing

Har du nokon gong lurt på korleis soloppgongen over Sognefjorden ser ut?




Omlag slik! Dette er frå kl 0430 idag tidleg!

No har vi kryssa fjorden og skal få oss nokre timar med søvn! Vi har forskyve døgnet no. Det er 21 timar sidan vi stod opp på Njøta, så dette har vore ein lang dag! No ser vi fram til å legge oss i soveposen!

søndag 6. juni 2010

Bilder fra første dag

Ekspedisjonens melankoli

Etter siste oppdatering kom vi oss åtte kilometer på tre timar. Vi forstod kva for utslag motstraum kan ha for en padlande trio. No ligg
vi inne i ei vik i Brandangersundet, og ventar på at straumen skal avta og etterkvart snu. Vi ser føre oss ei effektiv natt med forhåpentligvis like gode padleforhold som vi fekk i går natt. Målet er å ta oss forbi dagsmålet Eivindvik, og vidare opp til sognefjorden, der vi tenkjer å slå leir for natta, og ta til med å krysse fjorden imorgon. Det er meldt fint vêr dei komande dagane, men vinden har vi ikkje heilt på vår side. Det er meldt nordavind i varierande styrke utover i veka.

Dagens sitat: ''Vert det sterkare straum no byttar eg til fast pris!"
- Bård





No kvilar vi godt før den neste etapps tek til!

Døgnet derpå!

Etter ei varm avskjed på Brygge padla vi ut og mot Sunnmøre!
Vi padla på for rekke straumen i Allværsund som snudde kl 1800. Den rakk vi akkurat, og vi fortsette inn Radsundet mot det vi hadde sett som dagens mål. Etter 26 km og 5 timar i kajakken kom vi fram, og inntok et herlig middagsmåltid i fjøresteinane. Vinden stilla og kveldssola motiverte oss til enda ei etappe.



Kajakkabe glei så godt at dei ikkje stoppa før etter nye 20 km på sydspissen av øya Njøta i Lurefjorden kl 0200. 9 timar med padlinga og 45 km sa vi oss godt nøgde med, og fekk ei god natts søvn.
Vi låg frampå og sto ikkje opp før kl 1000. Kl 1230 var vi klare i kajakkane etter ein god frukost.
Hittil idag har vi stampa mykje i motvind og bølgjer i tre og ein halv time. Stamping? Høyrest det deilig ut? Ja, men ikkje for oss, det var verken varmt eller avslappande, men litt kjekt var det trass alt! Vi har hatt ei provisorisk søndagsgudsteneste og allsongen har ljoma over bølgjetoppane!





Sit no på Håvarden midt i Fensfjorden, nord for Mongstad. Om nokon få åretak kryssar vi fjorden og inn i Sogn og Fjordane etter berre eit drøyt døgn.

Ny rapport kjem iløpet av kvelden/natta!

Morgenstund har gryn i munn

Litt tekniske problem på bloggen i starten, men her kjem ei oppdatering! Vi kom fram til delmålet for igår kl sju, og etter ein god middag heldt vi fram å padle fram til kl 0200 i natt, det va svært gode forhold så vi nytta høvet til å kome oss lenger enn planlagt! I natt har vi vore på Njøta, sør for Mongstad!


Vi har sove litt frampå idag, og no når kl er 1030 er vi i ferd med å lage oss frukost! Vi prøver på avreise her frå Njøta innen halv 12, og då ser vi kurs mot Eivindvik som er målet for dagen, men vi kan allereie no seie at vi håpar å kome oss enda lenger og framleis halde oss framom skjema!



Bård og Magnus ventar på frukosten!

Vi kjem tilbake seinare idag med meir bilete både frå gårsdagen og dagen!
Følg med!

lørdag 5. juni 2010

Vi er igong!

Her er vi samla med fanskaren på Bryggen!



No er kajakkgutane igong med ferda mot Sunnmøre!
Følg med! :)

torsdag 3. juni 2010

Førebuingar

Vi er i fullt igong med innspurten på pakkefronten! Her ser vi Øyvind som har begynt å leite fram tinga sine! Vasstette posar, mat, ull og mykje anna vert leita fram, men vi er samtidig opptatt av at oppakkninga er så lett som mogleg!



Magnus har klipt og tilpassa karta for heile turen nordover!



Her ser vi Bård i fin positur ifrå testtur forrige søndag! Bård er i Oslo for augneblinken, men kjem tilbake til Bergen laurdag morgon!



Her er det Øyvind som har siste innspurt før eksamen på ein av testturane tidlegare i vår!



Det er no bestemt at vi legg ut ifrå Bryggen kl 1300 på laurdag! Alle er hjarteleg velkomne til å kome for å ynskje oss god tur!

Reiserute

Pakkinga er godt igong! Vi kjem med ei oppdatering på det seinare idag!

Her kjem vi med ei meir detaljert reiserute:

Laurdag:
Bergen - Radsundet
Vi legg ut ifrå Bryggen i 12-13 tida på laurdag, og satsar på å få padla i alle fall 25 km den fyrste dagen, og ende i Radsundet.

Søndag:
Radsundet - Eivindvik
Dette vert ei lang etappe, på omlag 50 km, der vi vil ende opp i området rundt Eivindvik, og er allereie inne i Sogn og Fjordane.

Mandag:
Eivindvik - Askvoll
Denne dagsetappa er like lang som søndagen, og etter å ha kryssa sognefjorden set vi kursen mot Askvoll, som er målet for mandagen.

Tysdag:
Askvoll - Florø
Vi tek ei noko kortare etappe, på 30 km, og Florø er målet. Dette vert ei etappe som er nokså "eksponert", sidan det er lite øyar og skjer som ligg mellom oss og nordsjøen.

Onsdag:
Florø - Hornelen
Denne dagen vert noko lenger enn den forrige, tilsaman 35 km. Målet er området rundt Hornelen, den 860 meter høge klippa som ruver lengst ute i Nordfjord.

Torsdag:
Hornelen - Silda
Den kortaste dagsetappa har vi lagt til denne dagen, den er på omlag 20 km. Dette gjer vi for å kunne ha noko å gå på om vi ikkje skulle klare å halde skjemaet dei tidlegare dagane. Her er det og mogleg å få ein "kviledag" før vi skal runde Stadt på fredag.

Fredag:
Silda - Larsnes
Her er den mest "usikre" etappa. Dei rådande verforholda vil avgjere rundinga av Stadt. Om veret vert for hardt, vil vi ordne oss transport ifrå Selje, og over til Leikanger. Målet for dagen vert uansett Øyvind sin heimstad, Larsnes. Dette vert ei 50 km lang etappe.

Laurdag:
Larsnes - Ulsteinvik
Sjarmøretappa på 30 km går frå landsbyen Larsnes til storbyen Ulsteinvik, forhåpentlegvis i strålande ver, og her er alle som vil inviterte til å følgje oss det siste stykket inn mot Ulsteinvik hjarteleg velkomne!



Her er ruta for dag 1.

tirsdag 1. juni 2010

Padleeventyret

Ikkje ulikt alle andre feriar, tenkte vi også denne gongen å kome oss heim til det fagre Sunnmøre!
Men for ein gongs skuld tenkte vi at vi skulle la bilen få stå.
Då ville det kanskje vere naturleg å tru at vi istaden for bil skulle vere miljøvennlege å heller ta kollektiv transport. Buss foreksempel. Det tek kanskje litt lengre tid enn bil, men framleis nokså effektivt og nokså behagelig.
Men det vert heller ikkje buss.
Ikkje buss? Ok. Båt da. Der går vel ein snøggbåt ifrå Bergen til Selje, gjer det ikkje?
Jau, det gjer det. Men båten skal få gå utan oss.
Vi byrjar likevel å nærme oss noko no. Vi er i alle fall i det rette elementet.
Vi tenkte: Kvifor ikkje bruke ei veke på turen heim? I kajakk?
Så tenkt, så sagt og så gjort.
Laurdag 5.juni legg vi ut frå Bryggen i Bergen med eit mål. Sunnmøre, nærare bestemt Larsnes og Ulsteinvik.

På biletet kan du sjå den omtrentlege reiseruta vår!


Følg med på bloggen! Oppdateringar vil kome på løpande band!