lørdag 23. juli 2016

Rapport frå ankomst Vikebygd

Då har me båe fått sove ut, omtrentleg med like lang natt som døtrene våre... Godt å sove ut etter lite svevn og aktive dagar. Det var stas å kome fram til koner og born som veiva med norske flagg og baud på litt mat og drikke. Det smakte godt etter dei siste 9 kilometerane som og var i motvind.

Familievelkomst. 

Siste landpause. 

Ankomst Naustvika. 

To godt nøygde kajakkgutar. 

Totalt vart det 8,5 mil, fordelt på 5,3 onsdag og 3,2 torsdag. Litt meir statistikk kjem seinare. 

torsdag 21. juli 2016

Vel framme i Vikebygd

17.40 fekk me ein varm velkomst i Vikebygd. Lengre bloggpost kjem seinare. No er det fyrst familietid.

Då har me båe fått sove ut, omtrentleg med like lang natt som døtrene våre... Godt å sove ut etter lite svevn og aktive dagar. Det var stas å kome fram til koner og born som veiva med norske flagg og baud på litt mat og drikke. Det smakte godt etter dei siste 9 kilometerane som og var i motvind.

Totalt vart det 8,5 mil, fordelt på 5,3 onsdag og 3,2 torsdag. Litt meir statistikk kjem seinare.

Tittelsnes og lunsj


Sørstokken beredskapskai. 


Roleg på vågen ved overnattingsstaden. Friskare kring neset. 

Etter ei heller kort natt frå 01.30 til 04.50, la me i veg frå Sørstokken 06.10. Med meldingar om sterkare vind, kraftig nedbør og potensielt torever utpå dagen, freista det å kome i gong tidleg og vonleg nå Vikebygd og familiene våre før den tid. 


Bård med Bjørnvika i bakgrunnen.

Ei vanleg 50-etappe tok oss forbi Stokkbleikjene fyr og forbi Dyvikvågen og Bjørnavika der mor til Bård, Annhild, vaks opp. Artig å sjå. Pause ved namnlaus holme utom Sagvåg. 


Bård med den allsidige flaska...

Neste ykt vart 60 for å få ly for motvinden attom Digernes, aust for Stordabrua. Deretter venta ein fotballkamp med padling, der vinden spelte med høgt press opp imot. Men me lot oss ikkje stogge og var svært nøygde med fastlandslunsj på rette sida av fjorden for vidare padling inn Ålfjorden. Sørvestleg meldt vind kan senke framdrifta ein del, men me er ved godt mot. 


Panorama som viser kvar me kom ifrå til høgre og dit me skal til venstre. Stord og Ålfjorden.


Nattrapport



Etter middag la me ut på ei siste trippelykt. Med motstraum fyrste del og motvind i tillegg etterkvart, vart det ca 4 i snitt på 3x50 der siste fekk 10 ekstra. Kva er vel meir naturleg enn overnatting ved Sørstokken lufthamn si beredskapskai si flytebrygge når ein skal vere budd for oppstode før fem? 


Minken helsar på, likeeins tedna

onsdag 20. juli 2016

Kveldsmiddag i Fitjarskjergarden



Etter 13,5 km og tre etapper frå Bekkjarvik, gjekk me i land på Hyseholmen nordom Hjelmen og Kråko i Fitjar sin flotte skjergard. Det gjer godt med armkvile og mat i vente når ein har padla 8 timar og vel 4 mil. Forholda er heilt utrulege. Roleg sjø, T-skjortevarmt og herleg turmodus. 

Middagslaging i solnedgong

Ingrediensgryte

Leia me kom, nordanfrå. Engesundet

Appen til Gulesider - På sjøen er eit kjekt supplement til kart og kompass. Mest brukt på land i pausene


Helsing

Magnus Hatløy
400 66 448

Metropolen Bekkjarvik


15.45 fekk Bekkjarvik ta imot 2 kajakkpadlarar og hundrevis av båtturistar i yoghurtbeger(plastbåtar). Ein kamerat med anar i Austevoll kallar dei iallefall for det. 10,4 km med 5,7 i snitt på 2 timar. No blir det is og sommarstemning, samt ein metropolaktig gourmetkokkburger!


Mølstrafjorden, fem kilometer før Bekkjarvik, med Bekkjarvikbrua i sikte. 


Bård og Møkster i det fjerne. 

Fyrste lunsjpause

Fyrste lunsjpause i Austevoll, ved Austevollsbrua fyr. Me har padla tre gongar femti minutt med to drivepauser på ti minutt kvar. 16,2km med eit snitt på 5,5km/t inkludert drivepausebe, så nærare 6,5 i marsjfart. Me er ved godt mit etter ein bedre lunsj i sommarsola og ser fram til ei god mil mot Bekkjarvik og landnåm der før Selbjørnsfjorden kryssast og Fitjar sine tallause holmar ventar.

Klar for avreise!

08.08 Klar for avreise frå flytebrygga til Fyhns på Krokeide. Dvs, litt stuing står att. Gler oss veldig over høve til å få to dagar på sjøen!

tirsdag 19. juli 2016

Vermelding

Kajakkgutane på nye eventyr!

Bård hentar baggasjen hjå Magnus i forkant av turen. 

4 år og 5 born sidan førre tur er kajakkgutane igjen klare for ein aldri så liten ekspedisjon. Å kalle det ekspedisjon er kanskje å ta hardt i når me berre padlar to dagar, men "ekspedisjonsmodus" med åretak for åretak i 50/10x3, tre gongar for dag, skal vonleg ta oss 46nm/ca 83km frå onsdag til torsdag. 

Av lengre turar har me hittil padla Bergen - Ulsteinvik i 2010 og Ulsteinvik - Trondheim i 2012. Tanken var i fyrste omgong å padle heim, iallefall for landsbybuen Øyvind frå Larsnes og ulsteinvikar Magnus. Sørreisa-Bård sin barndomsheim ligg og lokkar i det fjerne, men enn så lenge lyt det nok vente. 

Som "erstatning", vert det no "Sørreisa" frå Krokeide utanfor Bergen, der Bård med familie bur. Målet for turen er vakte Vikebygd i Vindafjord, der både Bård og Magnus sine svigerfamilier har sommarens hytteparadis. Øyvind har guldig fråvær med nyfødt datter heime på Sunnmøre. 

Øyvind er med oss i kvart eit åretak! 

Me ser føre oss at dette kan bli ein herleg mimretur sørover, med drivande mulepauser i Austevoll, varmlunsj og kaffikok i fagre Fitjarholmane og generelt herlege stunder i skaparverket som stadig imponerar ein liten kajakkgut.

Ruta frå Krokeide til Vikebygd

Takk til "Gulesider - På sjøen" for kart.

Me padlar via Austevoll og Fitjarholmane framfor direkteruta ned Langenuen. Jamfør tidlegare seglas i båe leier er det mindre spanande stadar å sjå der, bortsett frå øyperla Huglo og kanskje Bårdsundet(!), samt meir båttrafikk av transportkonkurrentar som ferja frå Halhjem til Sandvikvåg og danskebåten. Austevoll skal og vere fint, med den gastronomiske metropolen Bekkjarvik og elles flott skjergard.

kajakkgutane.blogspot.no

Om du vil finne bloggen vår er adressa kajakkgutane.blogspot.no, ikkje kajakkgutane.com. Sjå også sida vår på Facebook.

Bloggen vart sist brukt for fire år sidan. Om du er interessert, kan du bla tilbake og lese om eteppene mellom Ulsteinvik og Brekstad i august 2012.