torsdag 16. august 2012

Etterarbeid og utgifter.no

Scrrenshot frå utgifter.no. Ideell for enkle rekneskap for såvel kajakktur som kollektiv.
Turen er over og minna lever. Det skal dei gjere lenge, utvilsomt! Etterkvart vil me kome med ein "longspelar" av ein film, med litt meir dokumentarpreg enn smakebitane så langt. Det er enklare å redigere på datamaskina heime enn på nettbrettet på kajakktur! Me kjem og til å lage ei bok. Der vert det biletserier, skriveri og refleksjonar frå turen. Mest av eiga interesse, men om du er interessert, gi ein lyd.

Sjølv om det ikkje kostar skjorta å padle, så vert det litt utgifter. For å gjere det enkelt, brukar me rett og slett utgifter.no - enkelt og gratis. Der kan kvar av oss legge inn våre utgifter og huka av for kven kvar utgift gjeld for. Så for me opp ei oversikt over kven som skyldar kven kor mykje. Anbefalast!





søndag 12. august 2012

Ny film!

Timane ombord på Hurtigruta vert brukt godt til å redigere og klippe film! Her er klipp frå dei siste dagane!


YouTube Video


Hjemreisen


Bårds venn og tidligere kollega Bjørn Harald og hans kone Trude har virkelig tatt godt vare på oss og lagt opp til et variert og kjekt rekondisjoneringsdøgn. I tillegg til å få vaske seg skikkelig og spise gode måltider som absolutt gjorde godt, var kveldsoperaen på Steinsvikholmen nord for Trondheim en skikkelig flott opplevelse. Anbefales! I natt fikk vi en etterlengtet god natts søvn på Luftkrigsskolen. Overgang fra å sove en time her og der på overlappende liggeunderlag blant råtne fiskegarn til enerom og skikkelige senger. I morges dro vi ned til hurtigrutekaia og tok avskjed med Bjørn Harald og Trude. Tusen takk for oss! Dere er fantastiske! Vi kommer tilbake når vi skal fortsette ferden nordover :) Nå skal kysten først nytes nedover, om enn noe høyere over vannflaten og noe mer avslappende enn på vei opp...les badstu og utendørs boblebad. Vi ankommer Torvika i natt, der ferden går direkte videre på landeveien til Bergen for Magnus og Bård, mens Øyvind får et døgn med sine kjære på Sunnmøre før han følger etter. Stay tuned for ny film som er ventet produsert i løpet av dagen...

lørdag 11. august 2012

Framme!

Idag rundt kl 12 fekk vi landkjenning på Ørlandet! 276 kilometer er tilbakelagde på ei veke! Vi er svært fornøgde med å ha kome imål etter ein flott tur.



Vi vart møtt av Bjørn Harald og kona Trude, og har fått losji hos dei her på Brekstad. No har vi ete ein god lunsj her, og ikveld skal vi oppleve noko heilt nytt; opera i det fri! Ja, du las rett; Kajakkgutane vert Operagutane for ein kveld!

Imorgon tek vi Hurtigruta frå Trondheim og heimatt til Torvika. Vi kjem med fleire bilete og videoklipp ikveld og imorgon!




Kajakkgutane rett etter å ha kome iland!

Frukost på Vingan før siste etappe!

Me er på Vingan! Omlag 2,5 mil sørvest for Ørlandet, der me skal entre land på Brekstad. Då er me nordfor Trondheimsfjorden, målet vårt. Om me padlar inn fjorden til Trondheim ville det vore mot søraust, altså feil retning. Nett no kokar havregrauten med sitt fyldige innhald. Snart har den styrka oss til siste dyst fram til ilandstigning!

fredag 10. august 2012

Ny konkurranse: Vinn fyrstehjelpssett frå sponsor Platou!

Vår sponsor Platou var svære. Ikkje berre sponsa dei oss med dekksbag, dregg og ipadcase, men dei slengte på fyrstehjelpssett og!

Me har eit som du kan vinne! Perfekt til helgetur, med alt du måtte trenge. Sett saman av ekspertar.

Spørsmålet lyder som så:
Kva år kjem kajakkgutane fram til Bård sin heimstad, Sørreisa, om dei held fram med same framdrift som i 2010 og 2012. Du kan både tippe, synse og rekne på det, heilt valfritt!

Gratulerer Eirik!

En tjeld i fjæra her på Tjeldbergodden kvitret om at Eirik Veraas Larsen vant OL-gull i padling her om dagen. Kajakkgutane synes det er stor stas, og gratulerer herved så meget! Nå som du skal legge opp Eirik og får mye fritid, er du hjertelig velkommen til å bli med Kajakkgutane på tur neste gang. Vi må dog informere om at vi pleier å padle daglig cirka 50 sånne 1000-metere som du er vant med, så det kan være greit å forberede seg godt.

Sendt fra min iPhone

Gråver, men god framdrift!

Trondheimsleia peikar ganske nordaustleg. Det gjer vindretninga og. Difor har me mykje god framdrift, men vinden i ryggen. Så fram når me garantert, så sant ikkje noko uforutsett skjer!

torsdag 9. august 2012

Vinnaren er... Simon Lødemel!

Me gratulerar Simon så mykje med sigeren! Han vil altså få ein Exped pakksekk i premie. Med hans gissnad på 14,5t/pers, eller 43,5t totalt, var han berre 0,5time i frå pr. person. Elles går det det ein heil del ære til mange av forslaga, både for nærleik og kreativitet.

For dei som har attelit (bekymring) for svevnmengda, har den tatt seg godt opp. Me sov ei normal natt i natt og ligg godt an for komande også:) altså like mykje på to døgn..

Imorgon vert det ny konkurranse, så følg med!

Naustkos på Tustna

No er vi iland på nordsida av Tustna og har kome inn i Trondheimsleia
som vi skal fylgje resten av turen.

Vi fann ein gammalt og nedsarva naust som vi no har innreidd med benk,
bord og vi har tilogmed lagt litt nytt golv her!

onsdag 8. august 2012

Konkurranse!

Det er på tide med fyrste konkurranse her på bloggen!
Premien er ein flott vasstett pakkpose av merket ExPed.
Bruk kommentarfeltet til å svare!


Spørsmålet går som fylgjer: Kor mange timar søvn har Kajakkgutane hatt tilsaman til no på turen?

Vinnaren vert annonsert i morgonkveld!

Kristiansund

Etter å ha tilbakelagt 55 km har vi kome fram til Kristiansund! Hustadvika og Atlanterhavsvegen vart forsert utan problem, og vi har hatt fordelen av vind i ryggen store delar av dagen. No ventar ein betre middag på Peppes før vi går på jakt etter husly for natta.




Atlanterhavsvegen er eigentleg berre er ei litt stilig bru og resten ein lang molo, men absolutt fin å padle i ly av.

Hustadvika - Kajakkgutane: Bortesiger

Etter ein alpin start, eller kanskje me burde seie marin, har me no forsert Hustadvika! Veret var med oss, med ganske så roleg sjø og litt dønningar frå havgapet. Me la opp til eit disiplinert løp med ca 60-10 fordeling i 4 ykter. Med ca 6km/t vart det eit bra innhogg i Frænakystens frykt og litt til. No nyt me gjestfridom på ein platting framføre eit typisk nordmørshus på holmen, rett før Atlanterhavsvegen. Kanskje skimtar du brua rett til venstre for det raude naustet?

Harde fakta:
Distanse idag: 25km før 09.30.
Distanse totalt: Vittig nok; Ja, ei virka 123,45km på GPSen(!)

Atlanterhavsvegen neste. Så, om forholda er med oss, Kristiansund.

Nukost

Nattleg frukost på brygga i Bud, avrundast 04.23. Me legg ut i gode forhold, med bøn om god framdrift.

Gjestebud

Tidlegare studievenninde Mari er gjestfridomen sjølv i Bud. Herleg! Etter ei kort natt kjem me, om veret tillet det, til å legge ut vidare nordover.

2,5 mil idag, samt god kvile til morgondagen.

tirsdag 7. august 2012

Kajakkgutane kjem med Bud...

...om at dei er i Bud:) Her har me handla matvarer til resten(?) av turen. No ser me and veret ifht om me skal padle ei ykt til fram mot midnatt.

Glimt frå turen

Her kjem ein film med litt smakebitar frå turen til no.
Ein stor takk til Kamilla si tante Solveig og onkel Steinar for lånet av sommarhuset deira her på Bjørnsund!


Morgonstund

Nok ei overnatting i naust, og frukosten er snart i magen.

Vi er straks klar for å legge ut på ei ny etappe frå Tangen til Bud. Ryktet går om ein Bunnpris med rikt utval. Hustadvika kan realiserast til kvelden.



Mvh. Øyvind Hagen

Tangen

Vel i land, 5 mil måndag. Meir oppdatering imorgon. Då og planan om quiz med svær premie!

mandag 6. august 2012

Oppvask på Dryna

Me legg oss ikkje under Dryna, men padlar heller vidare! 3,4 landmil er lagt bak oss idag og ei ykt til ventar. No i roleg sjø inn fjorden, snart på høgde med Molde!

Elles stig spaninga fram mot Hustadvika. Meldingane kan love bra for onsdag fuglemorgon. Det vert spanande å sjå!

Etappeinfo A: Ulsteinvik - Godøya

https://www.evernote.com/shard/s127//sh/704492fd-c231-47b8-9380-9a6098b27363/0f8801c4a5d00cf282ed28e15402ec26

Mønsj på Bjørnøya, Buvika

Dette er livet. Kajakklivet. Etter 1,5 mil på 3 timar på morgonen nyt me no sumarvarmen i fjøra her i Otervika. Me var oppe 6, la ut halv 8. Omgjevnadane har vore flotte, med terner og toppskarv som pynten på turkaka. Alt vel med både plast- og mannskrog.

Nattmat på Godøya, søraust

På menyen:
Pestomarinert skinke med makaroni, på ei seng av paprika.

3t45m i båt, gode 4 knop, 22,5km. Herleg! God natt, frendar!

Godøya

Innlegget i natt kom visst ikke med. Men det sa vertfall at vi gikk i land på Godøya utenfor Ålssund etter 22,5 km og 3,5t padling i god driv og flotte forhold. En pangstart! Ekstra kjekt med mange trofaste følgesvenner langs fjæra :)

Sendt fra min iPhone

Ålesund

Til tross for fantastisk flotte forhold i natt, og stor fristelse for å fortsette gjennom natten, besluttet vi å ta 4 timer på øyet før vi fortsatte ferden. Kruttsterk kokkaffe, nydelig morgensol, 5 blikkstille kilometer, og en morgenandakt senere ligger vi nå utenfor Ålesund og ser på fugleflokker i militær formasjonsflyving. Livet er absolutt ikke så alt for ille.

søndag 5. august 2012

Fyrste gjest: Brødrene Aksnes

Fyrste drivepause, moloen på Ulstein. Triveleg og flott!

Vi er i gong!

Oppstart omlag klokka åtte. Velkomen!

Etter å ha kjempa mot Bobil United nordover ferjekysten, nærmar me oss verkeleg - no Folkestad. Som bloggefrekvensen tilseier, gler me oss storleg! Etter eit betre oppladningsmåltid hjå mor (og far) Hatløy, legg me ut frå Sjøgata omlag klokka 20.00. Me pakkar i båtane frå ca 19.00. Vil du symje om kapp, eller berre ynskje oss god tur, er det lov å ta turen!

Idag skjer det! Bård og Magnus er på ferja nordover mot Sunnmøre!

Ventetida er over. Moroa kan byrje. Boreal Design Epsilon P100 krusar enno i framande element, men i kveldinga bråt den båra i solnedgong. Fylg kajakkgutane.com, så får du sjå!

lørdag 4. august 2012

1 dag att: Ja, Tord

Tord nyt kajakklivet i drivepause mellom Nordre Bildøy og Råna.
Tittelen er "Ja, Tord". Eg plar gjerne dele eit bilete via den verdskjende nettsamfunnet Facebook frå tur, og kjent som "Andletsbokji". Då skriv eg gjerne berre "Ja, og så namnet." Eit ja for den positive innstillinga, og viljen til å vere med på tur. Eit nei til dørstokkmila og eit ja til å vere tett på naturen!

Tord er ein av våre felles vennar som gjerne vert med på ein liten kajakktur. Her er han den heldig utkåra representanten for "hive-seg-rundt-tur". Det er herleg å vere i Bergen og berre kunne bestemme seg for å ta ein liten kajakktur. Tord var lett med - og likeeins har fleire andre vore.

JAMNLEG, IKKJE BERRE STORTURAR
Måtte det bli fleire slike turar! Den jamne padlinga er gull verdt. At det kan vere ein del av kvardag, ikkje berre høgdepunkt som storturen me skal ut på i morgon er viktig. Kanskje vil du bli med ein gong i haust?

fredag 3. august 2012

2 dagar att: Knop

Om du fylgjer oss undervegs langs norvestlandskysten og lurer på kor mykje ein knop er i forhold til ein kilometer i timen, tenke me det kunne vere fint å skrive kort om det her på bloggen.
EIn knop er ei nautisk mil i løpet av ein time. EI nautisk mil tilsvarar 1852 meter. Difor vert 1 knop 1,852 km/t. Dette er eit internasjonalt mål, kjend som knots på engelsk.

HISTORISK BAKGRUNN
Tidlegare nytta ein ei line med knopar (knutar) til å måle fart. Denne lina vart lagt
Lina vart lagt ut i den farta som båten bevega seg, og knopa på lina vart talde i tredve sekund. Sidan det er 120 «halvminutt» i ein time, måtte avstanden mellom to knop på lina være 15,43 m, fordi 1852 m/120 = 15,43 m.

OMREKNINGAR
1 knop = 1,852 km/t
1 km/t ˜ 0,540 knop
1 knop ˜ 0,5144 m/s (ca. ½ m/s)
1 m/s ˜ 1,944 knop (ca. 2 knop)

Dei to sistnemnde kan vere interessante å sjå på i forhold til vindforhold og straumar.

torsdag 2. august 2012

3 dagar til avreise og ny adresse!

Med berre tre dagar att til avreise ifrå Ulsteinvik kan vi no med stor glede lansere vår nye nettadresse: Kajakkgutane.com! Med enklare adresse og ny layout på sida håpar vi på at det vil verte endå kjekkare å fylgje med på blogginga vår.

onsdag 1. august 2012

Sponsor: Platou

Me er glade for at Platou her i Bergen ville sponse oss med litt utstyr til turen. For det skal dei sjølvsagt få litt blest her på sida.! Dei utstyrer oss med vanntett Ipad-mappe til blogginga, ein vanntett dekksbag som me kan ha utstyr som me vil ha lett tilgjengeleg i og eit dreggsett(!) til kajakk.

Etter ein veldig positiv prat med butikksjef Christian i Platou Fjøsanger fekk eg foreslå kva dei eventuelt kunne bidra med. Eg tenkte mellom anna at i drivepausene våre ville ein dregg ha vore ideelt. Då kan me ligg i ro og kvile armane, utan attelet for at me driv i feil retning. Driv me i rett retning kan me sjølvsagt berre drage opp dreggen. Dette vert det spanande å teste ut"! Meir om utstyret kjem på bloggne etterkvart, og du ser nok att utstyret i bruk på bileta undervegs på turen også.

Det kan og vere artig å nemne at han som starta Platou og har padla ein del langs den kysten som me har forsert og skal forsere. Han padla nemleg oppover kysten i fleire etapper, innom dei ulike Platou-butikkane.


Den store testturen

Herdla kyrkje vert truffen av regnbogen.

9. - 10. juni var det tid for den store testturen før langturen i august. Magnus hadde allereie padla to dagar saman med ein anna kamerat, Endre. No skulle kajakkgutane kompletterasst med Bård og Øyvind - knallklare for ein skikkeleg kajakktur. Torsdag og fredag hadde Endre og Magnus padla frå Turøyna vest i Øygarden og sørover. Ferda gjekk via Løno og sørom sørpynten av Sotra, mot Korsfjorden, for å gjere ei potensielt lang historie kort. Vel framme på Bildøy etter omlag 7 landmil fredag kveld var det to særs nøygde karar som søkte landnåm.

NORDOVER
Neste formiddag vart kajakkgutane sameinte på neset der Magnus låg, ikkje langt frå Bildøy. Me la ut nordover, på ferda vidare rundt Sotra og Øygarden. Planen var overnatting og to dagar på tur, men det skulle vise seg å verte annleis...
Positurane vitnar og god stemning i gruppa!

SOLNEDGONGSIDYLL
Ein times tid rakk me å padle i relativt smul sjø, før motbøra kom. Frå og med Knappskog og forbi Hero ved Torsvik var det motvind og sjø, så me fekk brynt oss godt der. Men vel på land fekk me nyte middag og kveldsbål til solnedgong og stadig rolegare forhold.

PADLING HEILE NATTA
Me hadde fleipa om at me kanskje måtte padle heile natta, og slik endte det opp med å verte(!). Me runda nordspissen og inn til Hellesøy, og festleg nok vardet full fest på ei brygge der. Etter ein triveleg drøs der, seig me vidare sørover - etterkvart med nydeleg soloppgong, dog noko sløve etter null svevn. Men frukosten på Joholmen sørvest for Ruskelia, sør for Alvheim, smakte fortreffeleg.

TURØY IGJEN!
Me seig vidare, og kom fram til turøy klokka 13.00, 25 timar etter avreise frå Bildøy, 7,2 landmil tilbakelagt i distanse. Lange og gode pauser hadde me hatt, men ikkje noko overnatting. Det anbefalast ikkje, men litt artig å ha gjort det er det no likevel.








Berre 4 dagar igjen til neste tur for kajakkgutane!

Bård får si Tonje, ikledd marinens flotte uniform i marine omgjevnadar.
Mykje har skjedd sidan førre langtur for kajakkgutane. Mellom anna har faktisk alle tre gifta seg(!) Dette skal me ikkje legge ut alt om sjølvsagt - det er trass alt ei kajakkturside dette - men artig er det å nemne at alle og fekk åre av dei to andre!

Kajakkgutane stilte sjølvsagt og med underhaldning i alle bryllaupa. Spruttrekk- og åredans til kajakkrim var ein sikker vinnar i alle bryllaupsfestane. Kanskje dryp nokre av rima inn på bloggen etterkvart?

Magnus og Øyvind syng kajakkrim for brudeparet.