mandag 30. juli 2012

3 dagar att: Glimt frå "oppvarmingstur" for Magnus

 OPPVARMINGSTUR FOR MAGNUS?
I kva grad det vart oppvarming kan diskuterast, jamfør dei tidvis gode seglforholda. Men herleg var det, og noko roing vart det og! Saman med tidlegare studiekamerat Endre sigla me i gode 4-5 knop ned Nyeleia vest for Fitjar. Me brukte ikkje meir enn 3 timar og 20 minutt frå Stolmen heilt sørvest i Austevoll til landemerket Siggjo på Bømlo. Herleg!

IDYLL
Etter sydenstemning og is i Røyksund, slo me leir på ein liten holme mellom Sørøya og Nordøya sør for vestre opning av Røyksundet. Ein nydeleg liten teltplass, akkurat stor nok grasflekk for tomannsteltet!

STRIREGN
Etter herleg frukost på hytta til kjenningar av Endre, drog me ut Røyksundet igjen, i lett regn. Det skulle verte verre... Me runda sørom Føyno, der brua frå Stord entrar før tunnelen, altså det såkalla trekantsambandet. No finn me oss sjølve roande i pissregn, våte til beinet. Berre oljahyre kan tole slikt regnvêr!

FESTIVALLIV!
Me trudde at tida til å nå fram til Huglo og festivalstart for "fabrikken2012.no" klokka 18.00 var knapp, men etter iherdig roinnsats i filmregn, nådde me Sør-Huglo klokka 17.30. Angry Wasp, Sondre Lerche, Orango og Supermale gjorde regnkvelden minneverdig på ein historisk festival, på øya med 76 fastbuande. Imponerande innsats av arrangørane!

MED- OG MOTGANG I LANGENUEN
Neste formiddag rodde me ut av syne frå Huglo, før me innsåg at her var det fullt mogleg å segle! Varmen var god og bokseren nok til klednad. Den "frykta" LANGEnuen viste seg å gli herleg godt, i 3-4 knop, så slaraffenlivet kunne igjen nytast ombord. Heilt til det brått tok slutt! Min oselvarmakker og kaptein Endre vakna til blafrande fokke og plutseleg motvind. Me kjempa oss "framover" med nokre kryssingar, men det gjekk såpass trått at me bestemte oss for å lytte til magen og ta i land i Amlandstø for å ete og håpe på betre tider. Meldinga var vind frå søraust, i 3-4m/s, men dette var vitterleg stikk motsett vindretning!

"FLÅTT" AVSLUTNING
Etter ein herleg måltid freista me igjen lukka, men kryssingane resulterte ikkje i særleg framdrift. Ein times tid og berre eit titals meter vinning per kryssing motiverar ikkje vidare - men slik er det med motvind i ein båt med relativt små segl. Men me kan ikkje klage - etter ein times tid klarte me å halde såpass mykje opp i mot, slik at me kom oss vestom Tysneslandet og kunne krysse leia og legge kursen mot Huftarøy. Der fekk me råtips av ein kajakkpadlar om ei lagune som kunne vere godt eigna til overnatting. Laguna var fin den, men det tykte vitterleg flotten og - som gjerne slang seg med oss vidare på siste del av turen...

Men flotten får ikkje stogga inntrykket av ein flott tur - som ikkje vart den store fysiske oppladninga til kajakktur som det kunne ha vorte, men som verkeleg understreka kor herleg det er å vere til sjøs over tid. Dette var berre fire dagar - neste tur har åtte. Herleg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar