tirsdag 19. juli 2016

Kajakkgutane på nye eventyr!

Bård hentar baggasjen hjå Magnus i forkant av turen. 

4 år og 5 born sidan førre tur er kajakkgutane igjen klare for ein aldri så liten ekspedisjon. Å kalle det ekspedisjon er kanskje å ta hardt i når me berre padlar to dagar, men "ekspedisjonsmodus" med åretak for åretak i 50/10x3, tre gongar for dag, skal vonleg ta oss 46nm/ca 83km frå onsdag til torsdag. 

Av lengre turar har me hittil padla Bergen - Ulsteinvik i 2010 og Ulsteinvik - Trondheim i 2012. Tanken var i fyrste omgong å padle heim, iallefall for landsbybuen Øyvind frå Larsnes og ulsteinvikar Magnus. Sørreisa-Bård sin barndomsheim ligg og lokkar i det fjerne, men enn så lenge lyt det nok vente. 

Som "erstatning", vert det no "Sørreisa" frå Krokeide utanfor Bergen, der Bård med familie bur. Målet for turen er vakte Vikebygd i Vindafjord, der både Bård og Magnus sine svigerfamilier har sommarens hytteparadis. Øyvind har guldig fråvær med nyfødt datter heime på Sunnmøre. 

Øyvind er med oss i kvart eit åretak! 

Me ser føre oss at dette kan bli ein herleg mimretur sørover, med drivande mulepauser i Austevoll, varmlunsj og kaffikok i fagre Fitjarholmane og generelt herlege stunder i skaparverket som stadig imponerar ein liten kajakkgut.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar