torsdag 21. juli 2016

Tittelsnes og lunsj


Sørstokken beredskapskai. 


Roleg på vågen ved overnattingsstaden. Friskare kring neset. 

Etter ei heller kort natt frå 01.30 til 04.50, la me i veg frå Sørstokken 06.10. Med meldingar om sterkare vind, kraftig nedbør og potensielt torever utpå dagen, freista det å kome i gong tidleg og vonleg nå Vikebygd og familiene våre før den tid. 


Bård med Bjørnvika i bakgrunnen.

Ei vanleg 50-etappe tok oss forbi Stokkbleikjene fyr og forbi Dyvikvågen og Bjørnavika der mor til Bård, Annhild, vaks opp. Artig å sjå. Pause ved namnlaus holme utom Sagvåg. 


Bård med den allsidige flaska...

Neste ykt vart 60 for å få ly for motvinden attom Digernes, aust for Stordabrua. Deretter venta ein fotballkamp med padling, der vinden spelte med høgt press opp imot. Men me lot oss ikkje stogge og var svært nøygde med fastlandslunsj på rette sida av fjorden for vidare padling inn Ålfjorden. Sørvestleg meldt vind kan senke framdrifta ein del, men me er ved godt mot. 


Panorama som viser kvar me kom ifrå til høgre og dit me skal til venstre. Stord og Ålfjorden.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar