torsdag 21. juli 2016

Vel framme i Vikebygd

17.40 fekk me ein varm velkomst i Vikebygd. Lengre bloggpost kjem seinare. No er det fyrst familietid.

Då har me båe fått sove ut, omtrentleg med like lang natt som døtrene våre... Godt å sove ut etter lite svevn og aktive dagar. Det var stas å kome fram til koner og born som veiva med norske flagg og baud på litt mat og drikke. Det smakte godt etter dei siste 9 kilometerane som og var i motvind.

Totalt vart det 8,5 mil, fordelt på 5,3 onsdag og 3,2 torsdag. Litt meir statistikk kjem seinare.

2 kommentarer:

  1. Bra jobba! Stas å høyre ide og så lese om gjennomføring.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, mister Cox! Ja, du såg kor gira eg vart då eg fekk lagt planar med godt planleggingsverkty!

      Slett