mandag 30. juli 2012

3 dagar att: Glimt frå "oppvarmingstur" for Magnus

 OPPVARMINGSTUR FOR MAGNUS?
I kva grad det vart oppvarming kan diskuterast, jamfør dei tidvis gode seglforholda. Men herleg var det, og noko roing vart det og! Saman med tidlegare studiekamerat Endre sigla me i gode 4-5 knop ned Nyeleia vest for Fitjar. Me brukte ikkje meir enn 3 timar og 20 minutt frå Stolmen heilt sørvest i Austevoll til landemerket Siggjo på Bømlo. Herleg!

IDYLL
Etter sydenstemning og is i Røyksund, slo me leir på ein liten holme mellom Sørøya og Nordøya sør for vestre opning av Røyksundet. Ein nydeleg liten teltplass, akkurat stor nok grasflekk for tomannsteltet!

STRIREGN
Etter herleg frukost på hytta til kjenningar av Endre, drog me ut Røyksundet igjen, i lett regn. Det skulle verte verre... Me runda sørom Føyno, der brua frå Stord entrar før tunnelen, altså det såkalla trekantsambandet. No finn me oss sjølve roande i pissregn, våte til beinet. Berre oljahyre kan tole slikt regnvêr!

FESTIVALLIV!
Me trudde at tida til å nå fram til Huglo og festivalstart for "fabrikken2012.no" klokka 18.00 var knapp, men etter iherdig roinnsats i filmregn, nådde me Sør-Huglo klokka 17.30. Angry Wasp, Sondre Lerche, Orango og Supermale gjorde regnkvelden minneverdig på ein historisk festival, på øya med 76 fastbuande. Imponerande innsats av arrangørane!

MED- OG MOTGANG I LANGENUEN
Neste formiddag rodde me ut av syne frå Huglo, før me innsåg at her var det fullt mogleg å segle! Varmen var god og bokseren nok til klednad. Den "frykta" LANGEnuen viste seg å gli herleg godt, i 3-4 knop, så slaraffenlivet kunne igjen nytast ombord. Heilt til det brått tok slutt! Min oselvarmakker og kaptein Endre vakna til blafrande fokke og plutseleg motvind. Me kjempa oss "framover" med nokre kryssingar, men det gjekk såpass trått at me bestemte oss for å lytte til magen og ta i land i Amlandstø for å ete og håpe på betre tider. Meldinga var vind frå søraust, i 3-4m/s, men dette var vitterleg stikk motsett vindretning!

"FLÅTT" AVSLUTNING
Etter ein herleg måltid freista me igjen lukka, men kryssingane resulterte ikkje i særleg framdrift. Ein times tid og berre eit titals meter vinning per kryssing motiverar ikkje vidare - men slik er det med motvind i ein båt med relativt små segl. Men me kan ikkje klage - etter ein times tid klarte me å halde såpass mykje opp i mot, slik at me kom oss vestom Tysneslandet og kunne krysse leia og legge kursen mot Huftarøy. Der fekk me råtips av ein kajakkpadlar om ei lagune som kunne vere godt eigna til overnatting. Laguna var fin den, men det tykte vitterleg flotten og - som gjerne slang seg med oss vidare på siste del av turen...

Men flotten får ikkje stogga inntrykket av ein flott tur - som ikkje vart den store fysiske oppladninga til kajakktur som det kunne ha vorte, men som verkeleg understreka kor herleg det er å vere til sjøs over tid. Dette var berre fire dagar - neste tur har åtte. Herleg!

tirsdag 10. juli 2012

Kajakkgutane skal på tur igjen!

Kajakkgutane vel framme på førre tur. Logoen påtrykt biletet er ny av året.

Hei godtfolk! Det er lenge sidan me har lagt ut noko her, men no nærmar det seg verkeleg stortur igjen - og det betyr også blogging!

NY TUR
Me planlegg ny tur i august, nærmare bestemt frå 5. august og utover, ei vekes tid. Jobb og skule ventar frå måndag 13. august, så me siktar på å vere framme den 12.8.

RUTA
går naturleg nok vidare frå forrige etappe. Juni 2010 padla me frå Bergen til Ulsteinvik, 295km. No er planen å padle vidare nordover frå Ulsteinvik mot Trondheimsfjorden. Det er omlag like langt. Kven veit, kanskje får me med åra fullført hurtigruteruta?? Me kjem tilbake med meir informasjon om turen.

BLOGGING
Me har planar om å både blogge, knipse og filme undervegs - Så du kan og få eit lite innblikk i nordvestlandets fantastiske kyst om du vil fylgje oss på nett! Fornying av nettside er og under utarbeiding, men herleg kajakkturstoff direkte frå vassflata vert det i minst like god stil som sist!

FILM FRÅ TESTTUR
Fram til turstart kan du sjå denne filmen frå testturen me hadde 9.-10.juni, Bildøy - Hellesøy - Turøy, 7,2 landmil.


onsdag 16. juni 2010

Vi har gitt oss, men fansen hold koken...

Sjøl tilhengeran vårres andre steda i landet fulgte me oss under avreisa fra Bryggen. Ved hjelp av BA sitt webkamera hadde de liveoverføring i Oslo:



Ellers godt å se at besøkstallet på bloggen fortsatt stig jevnt og trutt. Trur nestn vi bare må fortsette på turen også eg. Ble naturli nok en nedtur å komme tebake t kværdagen etter et sånt eventyr. :)

mandag 14. juni 2010

Artikkel i Sunnmørsposten

Då me kom fram til Ulsteinvik vart me godt mottekne av vennar og familie. Ein journalist var også der for å skrive om oss. Artikkelen finn du under.

Artikkel i Sunnmørsposten si nettavis.

lørdag 12. juni 2010

Endeleg framme!



Hei kjære tilhengjarskare! Endeleg er me komne fram til Ulsteinvik! Etter 300 kilometer i løpet av 8 padledagar glei me roleg inn mot hamna i Ulsteinvik kring gamal barnetvtid. Likeeins som på Larsnes møtte det også her fram ein fin gjeng tilhengjarar og ein ivrig journalist. Ein skulle nesten tru me var kjendisar!

Dagen starta med at Bård og Magnus vakna av ein lettare frustrert Øyvind som ropar: "Karr han e kajakken min?" Det var ein lettare desorientert gut som ikkje heilt forstod at han låg heime i si eiga seng. Det er tydeleg at ei heil veke i kajakk gjer noko med ein!

Etter ein utmerka frukost bar det rett tilbake i kajakkane - Heilt naturleg eigentleg! Akkurat som å gå på skule eller jobb - det har vorte til kvardag for oss!

Me var klar over at turens siste etappe kunne verte tøff, med meldingar som sa regn og kuling rett i mot. Men det viste seg åv erte enno verre. Vinden kom opp i ein styrke av tynn orkan i kasta og me hadde nok med berre det å halde på padleårene. Vi håpte at fasnen på brygga hadde gode og varme kle på seg, for dette kunne ta litt tid. Men då vinden løya til noko så svakt som stiv kuling, samt at Magnus sin heimlengsel auka betrakteleg, gjekk det etterkvart radig unna. Plutseleg var me på Kjeldsund og hadde veldig god tid til å rekke fram i tide. Difor vart gleda stor då me fann ut at me måtte drage og jokke kajakkane over Garsholhølen (Film kjem).


Me vil nytte høvet til å takke alle som har fulgt med oss her på bloggen! Veldig kjekt at så utruleg mange har fulgt med og kome med kommentarar. No vert det og lettare å kommentere for enno fleire, jamfør kommentar under. Men sjølv om turen er over kjem me til å legge ut meir stoff i tida framover, så det er berre å fylgje med om du vil! Det kjem mellom anna fleire bilete så snart me får sett igjennom minnekorta og etterkvart også ein film frå turen.

PS Nokre har kommentert at det ikkje var så lett å kommentere utan å ha ein profil av eit eller anna slag. Det må me berre beklage! Me var ikkje klar over at den funksjonen ikkje var aktivert. Men no har me ordna det, så om du vil kommentere er du hjarteleg velkomen til å gjere det!

fredag 11. juni 2010

Ulsteinvik next



No er vi klare for den siste etappa imorgon! Den er på 30 km og endar opp på det endelege målet; Ulsteinvik. Vi reknar med å vere framme i Ulsteinvik ca kl 1800, så då er det berre å møte opp på Geileneset. Vi oppmodar folk om å vere tidleg ute, då det kan verte trangt om plassen. På Geileneset er det plass til omlag 1300 personar. Grunna begrensa parkeringskapasitet oppmodar vi alle om å la bilen stå, og ta kollektiv eller alternativ transport. Denne miljøvennlege profilen går hand i hand med Kajakkgutane si overbevising.

Vi ser fram til dei siste kilometerane av turen, trass i at vermeldingane ikkje er heilt som før i veka.