fredag 11. juni 2010

Ulsteinvik next



No er vi klare for den siste etappa imorgon! Den er på 30 km og endar opp på det endelege målet; Ulsteinvik. Vi reknar med å vere framme i Ulsteinvik ca kl 1800, så då er det berre å møte opp på Geileneset. Vi oppmodar folk om å vere tidleg ute, då det kan verte trangt om plassen. På Geileneset er det plass til omlag 1300 personar. Grunna begrensa parkeringskapasitet oppmodar vi alle om å la bilen stå, og ta kollektiv eller alternativ transport. Denne miljøvennlege profilen går hand i hand med Kajakkgutane si overbevising.

Vi ser fram til dei siste kilometerane av turen, trass i at vermeldingane ikkje er heilt som før i veka.

2 kommentarer:

  1. Wow! Vi e imponert
    Lykke til med innspurten!!

    SvarSlett
  2. Kajakkgutane kom endeleg til Larsnes! Vi hadde det koseleg igårkveld, med lasagne og fotballkamp.. Litt uheldige med dagens vèr, men det går heilt sikkert bra. Takk for at de tok turen innom Larsnes alle tre!

    SvarSlett