lørdag 12. juni 2010

Endeleg framme!



Hei kjære tilhengjarskare! Endeleg er me komne fram til Ulsteinvik! Etter 300 kilometer i løpet av 8 padledagar glei me roleg inn mot hamna i Ulsteinvik kring gamal barnetvtid. Likeeins som på Larsnes møtte det også her fram ein fin gjeng tilhengjarar og ein ivrig journalist. Ein skulle nesten tru me var kjendisar!

Dagen starta med at Bård og Magnus vakna av ein lettare frustrert Øyvind som ropar: "Karr han e kajakken min?" Det var ein lettare desorientert gut som ikkje heilt forstod at han låg heime i si eiga seng. Det er tydeleg at ei heil veke i kajakk gjer noko med ein!

Etter ein utmerka frukost bar det rett tilbake i kajakkane - Heilt naturleg eigentleg! Akkurat som å gå på skule eller jobb - det har vorte til kvardag for oss!

Me var klar over at turens siste etappe kunne verte tøff, med meldingar som sa regn og kuling rett i mot. Men det viste seg åv erte enno verre. Vinden kom opp i ein styrke av tynn orkan i kasta og me hadde nok med berre det å halde på padleårene. Vi håpte at fasnen på brygga hadde gode og varme kle på seg, for dette kunne ta litt tid. Men då vinden løya til noko så svakt som stiv kuling, samt at Magnus sin heimlengsel auka betrakteleg, gjekk det etterkvart radig unna. Plutseleg var me på Kjeldsund og hadde veldig god tid til å rekke fram i tide. Difor vart gleda stor då me fann ut at me måtte drage og jokke kajakkane over Garsholhølen (Film kjem).


Me vil nytte høvet til å takke alle som har fulgt med oss her på bloggen! Veldig kjekt at så utruleg mange har fulgt med og kome med kommentarar. No vert det og lettare å kommentere for enno fleire, jamfør kommentar under. Men sjølv om turen er over kjem me til å legge ut meir stoff i tida framover, så det er berre å fylgje med om du vil! Det kjem mellom anna fleire bilete så snart me får sett igjennom minnekorta og etterkvart også ein film frå turen.

PS Nokre har kommentert at det ikkje var så lett å kommentere utan å ha ein profil av eit eller anna slag. Det må me berre beklage! Me var ikkje klar over at den funksjonen ikkje var aktivert. Men no har me ordna det, så om du vil kommentere er du hjarteleg velkomen til å gjere det!

5 kommentarer:

  1. "Den norske sjømann er

    et gjennombarket folkeferd;

    hvor fartøy flyte kan,

    der er han førstemann,

    På tokt og hjemme her,

    ved sund og skjær og fiskevær

    han har sin Gud i sinn

    og setter livet inn....."

    Gratulere med bragden, gode kajakkgutar!
    Stor takk til Gud som har holdt sin vernende hånd over dere på ferden.

    SvarSlett
  2. Gratulerer med dagen, Bård! :)
    Hilsen Elisabeth og Kari-Mette

    SvarSlett
  3. Gratulere me framkosten!! =)=)

    Sjukt påfunn.. å rått!
    He såtte å fylgt med på værmeldingane, å vore innom ein del gongar, for å sjå kvar dokke har vore på ferda...

    PS! Vart det pizza Magnus?

    SvarSlett
  4. Godt gjort kara, då er det berre å fortsette nordoverrrrrrrr neste gong. Men vent ikkje for lenge!

    SvarSlett
  5. Hei godtfolk! Me er takksame både oppover og utover! Godt at alt gjekk vel og kjekt at så mange har vist interesse.

    Artig med dikt, Paul!
    Kjekt du har fylgt oss, Tor Arne - og alle andre! Det vart pizza ja, eller kjøtlufse som det og kan kallast:p

    Onkel: Det vurderast! Gav absolutt meirsmak:)

    SvarSlett