onsdag 8. august 2012

Hustadvika - Kajakkgutane: Bortesiger

Etter ein alpin start, eller kanskje me burde seie marin, har me no forsert Hustadvika! Veret var med oss, med ganske så roleg sjø og litt dønningar frå havgapet. Me la opp til eit disiplinert løp med ca 60-10 fordeling i 4 ykter. Med ca 6km/t vart det eit bra innhogg i Frænakystens frykt og litt til. No nyt me gjestfridom på ein platting framføre eit typisk nordmørshus på holmen, rett før Atlanterhavsvegen. Kanskje skimtar du brua rett til venstre for det raude naustet?

Harde fakta:
Distanse idag: 25km før 09.30.
Distanse totalt: Vittig nok; Ja, ei virka 123,45km på GPSen(!)

Atlanterhavsvegen neste. Så, om forholda er med oss, Kristiansund.

3 kommentarer:

  1. Supert! Ser ut som om dokke he kjentfolk over alt!?
    God tur vidare!
    Då er det kun ca. 28 km igjen til Kristiansund.

    SvarSlett
  2. Takk og pris!!De er dyktige!Farmor helsar - ho er så letta!"E dei framme snart,då"?spør ho!"ej veit ikkje KA ej skal gi`nå når han kjeme heim!Lykke til vidare - det verkar som de he det fanatstisk!Helsing Hagens

    SvarSlett
  3. Bra jobba! morsomt med GPSen då! ;) Dåkke har komt langt! Kos dåkke videre på eventyret!

    SvarSlett