fredag 3. august 2012

2 dagar att: Knop

Om du fylgjer oss undervegs langs norvestlandskysten og lurer på kor mykje ein knop er i forhold til ein kilometer i timen, tenke me det kunne vere fint å skrive kort om det her på bloggen.
EIn knop er ei nautisk mil i løpet av ein time. EI nautisk mil tilsvarar 1852 meter. Difor vert 1 knop 1,852 km/t. Dette er eit internasjonalt mål, kjend som knots på engelsk.

HISTORISK BAKGRUNN
Tidlegare nytta ein ei line med knopar (knutar) til å måle fart. Denne lina vart lagt
Lina vart lagt ut i den farta som båten bevega seg, og knopa på lina vart talde i tredve sekund. Sidan det er 120 «halvminutt» i ein time, måtte avstanden mellom to knop på lina være 15,43 m, fordi 1852 m/120 = 15,43 m.

OMREKNINGAR
1 knop = 1,852 km/t
1 km/t ˜ 0,540 knop
1 knop ˜ 0,5144 m/s (ca. ½ m/s)
1 m/s ˜ 1,944 knop (ca. 2 knop)

Dei to sistnemnde kan vere interessante å sjå på i forhold til vindforhold og straumar.

2 kommentarer:

  1. Då kan eit spørsmål vere: Kva fart reknar dokke med å halde i snitt?

    SvarSlett
  2. Flotte greier...Ej gissa snittfarta til å vere 1,75knop.

    PS: Anbefala å skru av inntasting av kodelinje ved kommentar innlegg.

    SvarSlett