onsdag 1. august 2012

Den store testturen

Herdla kyrkje vert truffen av regnbogen.

9. - 10. juni var det tid for den store testturen før langturen i august. Magnus hadde allereie padla to dagar saman med ein anna kamerat, Endre. No skulle kajakkgutane kompletterasst med Bård og Øyvind - knallklare for ein skikkeleg kajakktur. Torsdag og fredag hadde Endre og Magnus padla frå Turøyna vest i Øygarden og sørover. Ferda gjekk via Løno og sørom sørpynten av Sotra, mot Korsfjorden, for å gjere ei potensielt lang historie kort. Vel framme på Bildøy etter omlag 7 landmil fredag kveld var det to særs nøygde karar som søkte landnåm.

NORDOVER
Neste formiddag vart kajakkgutane sameinte på neset der Magnus låg, ikkje langt frå Bildøy. Me la ut nordover, på ferda vidare rundt Sotra og Øygarden. Planen var overnatting og to dagar på tur, men det skulle vise seg å verte annleis...
Positurane vitnar og god stemning i gruppa!

SOLNEDGONGSIDYLL
Ein times tid rakk me å padle i relativt smul sjø, før motbøra kom. Frå og med Knappskog og forbi Hero ved Torsvik var det motvind og sjø, så me fekk brynt oss godt der. Men vel på land fekk me nyte middag og kveldsbål til solnedgong og stadig rolegare forhold.

PADLING HEILE NATTA
Me hadde fleipa om at me kanskje måtte padle heile natta, og slik endte det opp med å verte(!). Me runda nordspissen og inn til Hellesøy, og festleg nok vardet full fest på ei brygge der. Etter ein triveleg drøs der, seig me vidare sørover - etterkvart med nydeleg soloppgong, dog noko sløve etter null svevn. Men frukosten på Joholmen sørvest for Ruskelia, sør for Alvheim, smakte fortreffeleg.

TURØY IGJEN!
Me seig vidare, og kom fram til turøy klokka 13.00, 25 timar etter avreise frå Bildøy, 7,2 landmil tilbakelagt i distanse. Lange og gode pauser hadde me hatt, men ikkje noko overnatting. Det anbefalast ikkje, men litt artig å ha gjort det er det no likevel.








1 kommentar:

  1. Ej må berre sei ej e imponerte! Det står respekt av ein slik innsats!

    SvarSlett