lørdag 11. august 2012

Framme!

Idag rundt kl 12 fekk vi landkjenning på Ørlandet! 276 kilometer er tilbakelagde på ei veke! Vi er svært fornøgde med å ha kome imål etter ein flott tur.



Vi vart møtt av Bjørn Harald og kona Trude, og har fått losji hos dei her på Brekstad. No har vi ete ein god lunsj her, og ikveld skal vi oppleve noko heilt nytt; opera i det fri! Ja, du las rett; Kajakkgutane vert Operagutane for ein kveld!

Imorgon tek vi Hurtigruta frå Trondheim og heimatt til Torvika. Vi kjem med fleire bilete og videoklipp ikveld og imorgon!




Kajakkgutane rett etter å ha kome iland!

6 kommentarer:

  1. Gratulere så mye gutter! Konge jobba:) har fulgt me dokk og glede meg t neste etappe;) digge prosjektet dokkas!

    SvarSlett
  2. GRATULERER SO MYKJE:)Vi er stolte av dokke!Og farmor er sjeleglad og letta over at de har greidd det!Men vanskeleg å vere der mes vafler...
    God fornøyelse på Opera i det fri og velkomne heim!!Helsing Hagens

    SvarSlett
  3. GRATULERE!!!!
    Me e imponerte og glade for at dokke e framme! Kos dokke kvelden i Trondheim. So er me i Torvika med bil natt til mandag!
    Helsing Hatløys

    SvarSlett
  4. Gratulerer fra oss to som nyter sommeren her på vatne og velkommen heimover i morgen:)

    SvarSlett