søndag 6. juni 2010

Døgnet derpå!

Etter ei varm avskjed på Brygge padla vi ut og mot Sunnmøre!
Vi padla på for rekke straumen i Allværsund som snudde kl 1800. Den rakk vi akkurat, og vi fortsette inn Radsundet mot det vi hadde sett som dagens mål. Etter 26 km og 5 timar i kajakken kom vi fram, og inntok et herlig middagsmåltid i fjøresteinane. Vinden stilla og kveldssola motiverte oss til enda ei etappe.



Kajakkabe glei så godt at dei ikkje stoppa før etter nye 20 km på sydspissen av øya Njøta i Lurefjorden kl 0200. 9 timar med padlinga og 45 km sa vi oss godt nøgde med, og fekk ei god natts søvn.
Vi låg frampå og sto ikkje opp før kl 1000. Kl 1230 var vi klare i kajakkane etter ein god frukost.
Hittil idag har vi stampa mykje i motvind og bølgjer i tre og ein halv time. Stamping? Høyrest det deilig ut? Ja, men ikkje for oss, det var verken varmt eller avslappande, men litt kjekt var det trass alt! Vi har hatt ei provisorisk søndagsgudsteneste og allsongen har ljoma over bølgjetoppane!





Sit no på Håvarden midt i Fensfjorden, nord for Mongstad. Om nokon få åretak kryssar vi fjorden og inn i Sogn og Fjordane etter berre eit drøyt døgn.

Ny rapport kjem iløpet av kvelden/natta!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar