onsdag 9. juni 2010

I motvind

Vi har gitt oss for dagen, og ligg no på motsett side av Berle inne i Frøyfjorden. Etappa starta utifrå Florø i fint driv, men etterkvart gjorde motvinden seg gjeldande. Vi tok ein matpause etter 15 km, men når vi etter stoppet kom lenger inn i fjorden gav den sterke vinden og bølgjene såpass motbør at vi bestemte oss for å kome oss inn til land. Etappa vart 9 km kortare enn vi hadde håpt på, men heldigvis er det meldt at vinden skal stilne til natta, så vi satsar på å igjen det tapte på den neste etappa. No skal vi ha oss ein god dag med søvn og kvile før vi legg ut igjen seint ikveld.







Her ligg kajakkane i vente på betre vindforhold!

Hugs å svare på quizen vi la ut idag tidleg!

PS! Magnus har fått vatn i mobilen, og den oppfører seg noko rart. Den ligg til tørk no, og vi satsar på at den skal kunne fungere igjen seinare! Send melding til Bård eller Øyvind om de vil ta kontakt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar