fredag 11. juni 2010

Framme på Larsnes




Vi kom fram til småbåthamna i Hallebygda på Larsnes ikveld kl 1800, etter ei relativt kort etappe på 17 km frå Eltvika på Stadtlandet. Der var det fleire som hadde møtt opp for å ynskje oss velkomne! Vi fekk både kaffi, vafler og bollar når vi kom iland. Veldig kjekt at så mange tok turen for å helse på oss! Ikveld har vi høgna standarden noko på typen innlosjering og ligg for fyrste gong på turen inne, heime hjå Øyvind.


Kanskje er det også på høg tid for å kåre vinnaren ifrå Quizen!
Det var den mystiske "Er du klar" som var nærast svaret på 122 000.
Du må gjerne gjere deg til kjenne!

3 kommentarer:

  1. Hallo, Det er Jarle K. Høyvik frå Tysvær.
    Gjekk som elev på Bildøy Bibelskole

    SvarSlett
  2. Gratulerer, Jarle! Du har vunne ein flott vasstett pose som har vore med på heile turen! Magnus kan ta den med til Bergen og gi den til Irene, om ho framleis er i Bergen, så kan du få den av henne:) Igjen: Gratulerer! Godt tippa! Rekna du det ut, eller var det rein tipping?

    SvarSlett