søndag 6. juni 2010

Ekspedisjonens melankoli

Etter siste oppdatering kom vi oss åtte kilometer på tre timar. Vi forstod kva for utslag motstraum kan ha for en padlande trio. No ligg
vi inne i ei vik i Brandangersundet, og ventar på at straumen skal avta og etterkvart snu. Vi ser føre oss ei effektiv natt med forhåpentligvis like gode padleforhold som vi fekk i går natt. Målet er å ta oss forbi dagsmålet Eivindvik, og vidare opp til sognefjorden, der vi tenkjer å slå leir for natta, og ta til med å krysse fjorden imorgon. Det er meldt fint vêr dei komande dagane, men vinden har vi ikkje heilt på vår side. Det er meldt nordavind i varierande styrke utover i veka.

Dagens sitat: ''Vert det sterkare straum no byttar eg til fast pris!"
- Bård





No kvilar vi godt før den neste etapps tek til!

2 kommentarer:

  1. Dokke e trottige!
    Husk å padle på linje ved motstraum og bytt på å drage. Trur det kan vere lurt å ta Sognefjorden tidleg om morgonen, ev. om kvelden. Midt på dagen vert det nok store bølger!
    Skal helse so mykje frå Judit til dokke tre tøffingane.

    SvarSlett
  2. ekje helt før ein kjem heim!

    SvarSlett