søndag 6. juni 2010

Morgenstund har gryn i munn

Litt tekniske problem på bloggen i starten, men her kjem ei oppdatering! Vi kom fram til delmålet for igår kl sju, og etter ein god middag heldt vi fram å padle fram til kl 0200 i natt, det va svært gode forhold så vi nytta høvet til å kome oss lenger enn planlagt! I natt har vi vore på Njøta, sør for Mongstad!


Vi har sove litt frampå idag, og no når kl er 1030 er vi i ferd med å lage oss frukost! Vi prøver på avreise her frå Njøta innen halv 12, og då ser vi kurs mot Eivindvik som er målet for dagen, men vi kan allereie no seie at vi håpar å kome oss enda lenger og framleis halde oss framom skjema!



Bård og Magnus ventar på frukosten!

Vi kjem tilbake seinare idag med meir bilete både frå gårsdagen og dagen!
Følg med!

1 kommentar:

  1. God morgon. Det ser ut som om dokke nyte det ja. Strekt å padle til kl. to i natt! Berre dokke ikkje sprenge dokke...Bruk padlehanska! God tur vidare!

    SvarSlett