tirsdag 1. juni 2010

Padleeventyret

Ikkje ulikt alle andre feriar, tenkte vi også denne gongen å kome oss heim til det fagre Sunnmøre!
Men for ein gongs skuld tenkte vi at vi skulle la bilen få stå.
Då ville det kanskje vere naturleg å tru at vi istaden for bil skulle vere miljøvennlege å heller ta kollektiv transport. Buss foreksempel. Det tek kanskje litt lengre tid enn bil, men framleis nokså effektivt og nokså behagelig.
Men det vert heller ikkje buss.
Ikkje buss? Ok. Båt da. Der går vel ein snøggbåt ifrå Bergen til Selje, gjer det ikkje?
Jau, det gjer det. Men båten skal få gå utan oss.
Vi byrjar likevel å nærme oss noko no. Vi er i alle fall i det rette elementet.
Vi tenkte: Kvifor ikkje bruke ei veke på turen heim? I kajakk?
Så tenkt, så sagt og så gjort.
Laurdag 5.juni legg vi ut frå Bryggen i Bergen med eit mål. Sunnmøre, nærare bestemt Larsnes og Ulsteinvik.

På biletet kan du sjå den omtrentlege reiseruta vår!


Følg med på bloggen! Oppdateringar vil kome på løpande band!

3 kommentarer:

  1. Vil starte med å ynskje dokke lykke til på reisa.

    Detter er utan tvil rette transport metoden =) håpar førebuingane e gode og at det ikkje oppstår problem av større art på vegen. Men når det er sagt vil eg tilby alle våre ressursar og nettverk for å gjere turen best mogleg. Herøy Kajakk Klubb har eit aktivt padlemiljø og kjenner mykje folk longs denne strekninga som sikkert vil slå av en prat, hjelpe til med overnatting (om det skulle trengst) og nødverje.

    Gå gjerne inn på vår nettstad www.heroykajakk.com

    Vil be om løyve til å linke bloggen dykkar til vår klubbside, kven veit kanskje dykk blir medlemar ;o)

    MVH
    Christer
    Nestleiar HKK

    SvarSlett
  2. God tur!

    Artig valg av reisemetode med hensyn til dine sjøferdigheter, Øyvind! Sist gang jeg så deg i kajakk på det åpne hav var du jo grønn i trynet og måtte taues inn til land igjen. Men sjøsyke lærer man seg vel å kommer over? ;)

    Nyt turen! Hanna

    SvarSlett
  3. Til Christer: Kjekt å høyre! Vi vil absolutt ta kontakt om vi skulle trenge hjelp!
    Du kan sjølvsagt legge link på nettsida!

    Hanna: Får håpe at eg har vokse det av meg, men ein veit aldri! Absolutt ein grunn til å følge med!

    SvarSlett